Bowling, kafé og leikeland

Ein gøyal møteplass på Voss!

Bowling og spel

Bowlingbaner, biljard og el dart

Café og bar

Me serverer deilig mat og drikke i caféen.

Leikeland

Eit fantastisk fint leikeland!

Velkommen til Voss Bowling!

Voss Bowling er eit stort aktivitetssenter med fleire spennande inne-aktivitetar, lokalisert midt på Vossevangen. Me har aktivitetar for heile familien, store som små. Her kan du komme for å leike, ta deg ein matbit, spele eit spel, eller berre være sosial i lag med venner. Lokalet vårt er stort og fullt av muligheter. Caféen vår tilbyr ulike matretter som høver både til frokost, lunsj, middag og kvelds. Me har også eit leikeland på over 300 kvadrat, eigne priser og åpningstider for dette (sjå info under leikegrenda).

Dersom du ynskjer å booke banar/bursdagar/tid i leikegrenda, ring: 453 75 154.

Me har noko for ein kvar smak og behov!

Dette skjer på bowlingen i nær framtid:

Mai:

 

31: Finalefest bedriftsserie:

Det blir oppgjer mellom 1.,2. og 3. plass i 1. og 2. divisjon, samt i sosial serien. Etter finalen blir det mogleg for dei ulike laga å spele mot kvarandre. Internt arrangement, så bowlingen er stengt frå kl 18.00 for dei som ikkje er med i serien.

 

finalefest 31.mai 24 jpg

Nytt på bowlingen:

LASER TAG er kome til Voss!

På bowlingen har me 12 sett med vester og "taggers", og stiller blant anna leikegrenda til disp for grupper frå 4-12 deltakara (min 4 pers). Pris kr 150 kr pr pers for 1 x 15 min, eller 250 kr for 2 x 15 min. For større grupper pris per time kr 3600,-. Her kan de dela inn heat på 12 pers x 15-20 min x 3, eller la 12 pers nytta heile tida (aå antal er alt frå 12-36 pers).

laser tag pdf m jpg
gåterom

Arrangere selskap?

Kva med å ta bursdagsfeiringa på Voss Bowling? Me har 2 flotte bursdagsrom for dei yngste, eit med jungel-motiv og eit med sjø-motiv. Me har også 2 andre rom som passer for tenåringen i huset, eller dei vaksne. Her kjem de til dekka bord og ferdig mat.