Bowling, kafé og leikeland

Ein gøyal møteplass på Voss!

Bowling og spel

Bowlingbaner, biljard og el dart

Café og bar

Me serverer deilig mat og drikke i caféen.

Leikeland

Eit fantastisk fint leikeland!

Velkommen til Voss Bowling!

Voss Bowling er eit stort aktivitetssenter med fleire spennande inne-aktivitetar, lokalisert midt på Vossevangen. Me har aktivitetar for heile familien, store som små. Her kan du komme for å leike, ta deg ein matbit, spele eit spel, eller berre være sosial i lag med venner. Lokalet vårt er stort og fullt av muligheter. Caféen vår tilbyr ulike matretter som høver både til frokost, lunsj, middag og kvelds. Me har også eit leikeland på over 300 kvadrat, eigne priser og åpningstider for dette (sjå info under leikegrenda).

Dersom du ynskjer å booke banar/bursdagar/tid i leikegrenda, ring: 453 75 154.

Me har noko for ein kvar smak og behov!

Dette skjer på bowlingen i nær framtid:

Mai:

08: Russen «ruller» på bowlingen (etter kl 19.00 når Leiokegrenda er stengt):

Voss Bowling inviter den flotte russen på Voss til ein kveld for russen!! Me byr på disko, karaoke, bowlingturnering og masse flotte tilbud!

I turneringen er det mulig å vinne 1 time bowling, pizza og Voss Bowling caps’ar! Bowlingturneringen går ut på at det er ein dobbel-klasse (to personar pr. lag) og ein singel-klasse (ein person pr. lag), der kvart lag speler 1 runde. Kr 65,- pr. person som er med i turneringa.

Russen får og 15% rabatt på pizza, 25% rabatt på biljard, dart, shuffleboard og airhockey, 30% rabatt på 1 time bowling, og ulike tilbud på snacks og brus.

Null toleranse for medbrakt alkohol, og gratis inngang. Gjerne ta med russekort so me kan få hengt dei opp på veggen vår!

Masse velkommen, me gler oss til å sjå dekan!!

31: Finalefest bedriftsserie:

Det blir oppgjer mellom 1.,2. og 3. plass i 1. og 2. divisjon, samt i sosial serien. Etter finalen blir det mogleg for dei ulike laga å spele mot kvarandre. Internt arrangement, så bowlingen er stengt frå kl 18.00 for dei som ikkje er med i serien.

 

Nytt på bowlingen:

gåterom

Arrangere selskap?

Kva med å ta bursdagsfeiringa på Voss Bowling? Me har 2 flotte bursdagsrom for dei yngste, eit med jungel-motiv og eit med sjø-motiv. Me har også 2 andre rom som passer for tenåringen i huset, eller dei vaksne. Her kjem de til dekka bord og ferdig mat.